Islamsk rettstradisjon i europeisk lovgjeving: Sicilia, England, Kastilja og Noreg

Article by Torbjørn Kalberg in Kirke og kultur.

I vestleg idéhistorie har ein ikkje brydd seg stort om å drøfte islamsk påverknad på kristen europeisk kulturutvikling. Islam hadde nok ein viss påverknad når det galdt arkitektur og språk, og kan hende når det galdt formidling av gresk filosofi, arabarane hadde jo tilgang til dei klassiske skriftene før dei vart kjende i europeiske kjerneområde. Men når det gjeld lov og rett har tonen vore avvisande. Berre kristentrua skapte eit juridisk system med fridom for den einskilde. Den europeiske rettsstaten var noko eineståande, eit førebilete for alle andre kulturar. Dette synet er ikkje lenger einerådande. Forskarar viser no til samband mellom tidlege uttrykk for samlande lovgjeving i europeiske statar og den islamske rettshistoria.